Monster og drakar

Benoît Delalandre | Jo Eggen

Her har du monstra! Basilisken, mandragoraen, fugl Fønix, trollet.... Dei lever i legendene våre og har alltid vore en del av verda vår. Dei brummar, og spyr eld og gift. Dei er kjempedigre eller bitte små, praktfulle eller fæle.

Dette er i sanning ei fabelaktig bok med godbitar om mytiske skapnader frå heile verda.

I dette oppslagsverket om drakar, monster og mytiske figurar lærer ein til dømes at eit drakelik er verdifullt, fordi alle kroppsdelane har magiske eigenskapar, at Ogeren er glad i barn – han ber sine eigne barn på hendene og et andre sine, og at Mokele Mbenbe bur i urskogen i Kongo og er ein slektning av dei utdøydde dinosaurane.

Dei ser særs skremmande ut, men kan vere gode på botnen.



Fleire bøker av Benoît Delalandre