Mål og modernisering 1868-1940

Oddmund Løkensgard Hoel

Frå Ivar Aasens pionertid til utfordringar med modernisering og urbanisering

Andre bandet i den nyskrivne og illustrerte norske målsoga viser korleis den norske målreisinga er ein del av nasjonsbygginga på 1800-talet, og korleis landsmålet og nynorskprosjektet via jamstellingsvedtaket i 1885 blir ei suksessoge.

I periodar opplever målsaka ein eventyrleg framgang, men målreisinga får store problem med å møte urbaniseringa, industrialiseringa og framveksten av arbeidarrørsla.

Oddmund Løkensgard Hoel (f. 1968) er førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.




Fleire bøker av Oddmund Løkensgard Hoel