Lokal og regional styring

Oddbjørn Bukve

I Lokal og regional styring: eit institusjonelt perspektiv presenterer Oddbjørn Bukve nyare utviklingstrekk innan kommunesektoren.

Boka tek opp både idégrunnlaget for nye styrings- og arbeidsformer og formelle organisasjonsendringar som har funne stad.

Kommunar og fylkeskommunar er institusjonar som skal fylle fleire roller. Dei er tenesteproduserande organisasjonar, lokale og regionale ledd i eit nasjonalt forvaltningsapparat, organ for demokratisk deltaking, og sist, men ikkje minst, samfunnsutviklarar som samarbeider med andre aktørar om å forme utviklinga i lokalsamfunnet og regionen.

Boka tek for seg styring og styringsformer rundt kvart av desse oppgåveområda, men også korleis dei på mange måtar grip inn i kvarandre. Forfattaren viser korleis rollene byggjer på ulike idear og organisasjonsprinsipp, og at dei derfor er prega av ulike handlingslogikkar. Men sidan dei ulike rollene også grip inn i kvarandre, blir det kommunale feltet prega av variasjon, spenningar og konflikt.

Oddbjørn Bukve er professor og forskingsleiar i organisasjon og leiing ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Her underviser han også offentlege leiarar ved masterstudiet i organisasjon og leiing. Han har tidlegare publisert fleire bøker om politikk og styring.

Innhaldsliste:

1 Innleiing 13

Omfang, oppgåver og organisering 16

Ein kommunesektor i endring 21

Tre forteljingar om offentleg styring 28

Det teoretiske perspektivet 30

Gangen i boka 33

2 Det institusjonelle perspektivet 36

Kva er institusjonar? 37

Institusjonelle felt 42

Styringssystema i samfunnet 44

Institusjonar, aktørar og handling 46

Den nyinstitusjonelle vendinga 53

3 Statsinstitusjonen 61

Stat og samfunn 61

Det institusjonelle grunnlaget for staten 63

Staten som institusjonalisert felt 65

Styring som institusjonalisert aktivitet 66

Spela i det politiske feltet 70

4 Kommunen som tenesteytande organisasjon 83

Forvaltningsinstitusjonane 84

Tenesteproduksjonen i kommunesektoren 104

Administrativ organisering og styringsformer 113

Aktørar, diskursar og endringsarbeid 127

5 Kommunesektoren i det statlege styringsfeltet 137

Eit samansett institusjonelt felt 138

Styring i komplekse fleirnivåsystem 145

Verktøy og prosessar i styring av kommunesektoren 148

Føreskrivande hierarkisk styring 149

Frå føreskrivande målsetjing til overvaking av prestasjonar 154

Styring i nettverk 161

Rettleiing, kampanjar og forsøk 164

Styring av kommuneøkonomien 167

Staten og kommunesektoren – eit samansett hopehav 175

6 Lokaldemokrati og politisk styring 182

Demokratiske institusjonar 183

Deltaking og representasjon i kommunar og fylkeskommunar 190

Dei politiske organa 198

Politikk og administrasjon 210

Politikarroller i norske kommunar 212

Lokalpolitikken: lokal og demokratisk? 216

7 Styring og samfunnsutvikling 219

Nettverk som institusjonar 220

Kommunar og fylkeskommunar som samfunnsutviklarar 227

Nettverksstyring, samfunnsutvikling og demokrati 245

8 Kvar går kommunesektoren? 247

Fire alternative utviklingsretningar 250

Litteratur 261




Fleire bøker av Oddbjørn Bukve