Lokal og regional historie

Aud Mikkelsen Tretvik

Boka gir ein oversikt over utviklinga på det lokalhistoriske feltet i Noreg, med historiografisk presentasjon og gjennomgang av dei viktigaste debattane. Boka inngår i serien Utsyn&innsikt.

I Noreg har vi ein lang og sterk tradisjon for lokalhistorisk verksemd. I denne boka gir Aud Tretvik oss ei oversikt over utviklinga av fagfeltet, kva tema som er tekne opp, kven som har skrive lokalhistorie, og korleis lokalhistoria har vorte skriven.

Boka drøftar ulike definisjonar av omgrepa lokal og regional historie og viser korleis ulike definisjonar har prega og forma fagfeltet. Definisjonen saman med val av perspektiv og teoretiske tilnærming har mykje å seie for kva tema og problemstillingar som blir tekne opp i lokalhistorieskrivinga. Men Tretvik viser òg korleis val av tema endrar seg, og bør endre seg, med dei generelle samfunnstilhøva. Mellom anna har kjønn, alder og etnisitet fått auka merksemd dei siste tiåra. I siste del av boka ser forfattaren nettopp på kva nytt lokalhistoria har å tilføre. Kan lokalhistoriefaget gjennom fagleg fornying vere til hjelp på nye måtar og i nye samanhengar? Her peiker ho mellom anna på at lokalhistoria bør gjerast aktuell og må våge å ta opp kontroversielle tema.


ISBN: 9788252161687

Kategoriar: Aud Mikkelsen Tretvik, Bestselgere, Høgskule og universitet

Emneknagg: 2004, Hefta,

Sjanger: Historie og kulturvitskap



Fleire bøker av Aud Mikkelsen Tretvik