Last ned omslag

Bla-i-boka

Livet og korleis leve det

Anne Gunn Halvorsen

Mellombels utseld. Nytt opplag er venta 27.februar.

Ein klok og humoristisk introduksjon til vaksenlivet

«Eg har søkt på så mykje på nettet i mitt liv, barnefødslar, føflekker, tannutvikling hjå spedbarn. Før eg gjekk ut med søppelet, var eg langt nede i det djupe nettet for å finne ut korleis Leah Isadora Behn såg ut akkurat no. Likevel har eg aldri søkt på dette, korleis leve livet. Eg har berre gjort det som verkar rett, det alle andre gjer. Det er dristig, tenkjer eg og stirer på det vesle rekkjehuset vårt. Dei som søv i andre etasje, er mine menneske. Så dristig, nesten sjukt å investere så mykje pengar, så mykje tid, så mykje krefter utan å undersøke ordentleg.»

På kort tid har Anne Gunn Halvorsen (32) fått to barn, mann og rekkjehus. Ho har pådrege seg gjeld, ansvar og eit heilt ordinært vaksenliv. Ein kveld ho surfar på nettet, går det opp for henne at ho har brukt meir tid på å søkje opp kjendisar og trenings-tights enn sjølve livet. For korleis skal ein som vaksen unngå å bli skild, sur, utbrend og gjeldsslave? Kva bør du ete, kvar bør du bu, og kva kan du gjere for å unngå å døy?

I eitt år set Halvorsen alt anna på vent for å finne svar på dei store spørsmåla. Ho dreg med lesaren på finanskonferanse og samlivskurs, inn i forskingsrapportar, oljesmell og politisk historie. Ho reiser frå Gjøvik til Høvik, til Stavanger, Sandnes, Sandeid, Etne og Keyserløkka. Alt for å skrive ei bok som kan gjere deg klokare – og få deg til å senke skuldrene, litt.

Frå Bokmeldingar

Terning 5" Noe så sjeldent som en velskrevet, lærerik og intelligent selvhjelpsbok ... Her skjærer hun gjennom den seige ordmaterien som omgir sjangeren, og gir oss nyttige råd og fakta. Resultatet har blitt en velskrevet, morsom og mangfoldig bok om hvordan livene våre faktisk bør leves."
Cathrine Krøger, Dagbladet

"Den eneste selvhjelpsboka du virkelig trenger."

Hilde Østby, Aftenposten





Fleire bøker av Anne Gunn Halvorsen