Litteratur for barn og unge 2009

Per Olav Kaldestad | Karin Beate Vold

I Årboka Litteratur for barn og unge 2009 trekkjer vi fram både gamle klassikarar med sprengkraft og ny, spennande litteratur.

Tove Brit Haugstveit skriv om barnediktinga til Henrik Wergeland, medan Boel Westin kastar lys over forholdet mellom liv og kunst i Tove Janssons mummi-prosjekt. Det blir også sett fokus på Anne-Cath. Vestlys forfattarskap og på 70-talets barneblad ”Maurtua”, i spenningsfeltet mellom kunstnarleg vilje og pedagogisk intensjon.

Nina Goga bruker både ny og eldre barnelitteratur når ho undersøker forholdet mellom faglitterær og poetisk framstilling for barn, medan Asbjørn Kolberg tar for seg det røffe språket i den nye barnelitteraturen. I forfattarportrettet møter vi Ingelin Røssland, ein av dei ny markante stemmene på ungdomsbokfeltet.

I denne årgangen er ”Nordisk vindauge” utvida, slik at også Finland er med.

"Sällan har jag varit så avundsjuk på Norge som vid läsningen av Årboka – Litteratur for barn og unge 2009. Att det kan finnas resurser i Norge för att årligen ge ut en så lödig, genomtänkt och belysande skrift över läget i barn- och ungdomslitteraturen! [...] Ni norrmän vet inte hur bra ni har det!"
Lotta Olsson, barnebokkritikk.no

Redaktørar:

Per Olav Kaldestad har skrive ei rekkje barne- og vaksenbøker. Han har i mange år arbeidd som norsklærar i lærarhøgskolen.

Karin Beate Vold har lang erfaring med forsking og formidling av barne- og ungdomslitteratur. Ho er direktør for Norsk barnebokinstitutt (NBI).




Fleire bøker av Per Olav Kaldestad