Last ned omslag

Bla-i-boka

Lånt stas

Paula Fox | Tove Bakke

Elska av lesarar og kritikarar over heile verda

Lånt stas er ei gripande forteljing om Paula Fox sin høgst uvanlege, omskiftelege og fargerike oppvekst. Ein klassikar elska av både lesarar og kritikarar over heile verda.

Kort tid etter at Paula Fox blir fødd i 1923, plasserer foreldra henne på barneheim på Manhattan, medan dei sjølve reiser til Hollywood for å gjere karriere. Bestemora plukkar henne opp, og ho blir i løpet av kort tid flytta frå heim til heim, frå New York til Cuba til California og Hollywood.

Dei mange møta med framande menneske blir avbrotne av gjensyn med dei omsynslause, men også fortryllande foreldra. I dette portrettet om eit ungt liv i tilfeldig flyt, gir Paula Fox oss eit uforgløymeleg innblikk i kor mykje – og kor lite – eit barn treng for å overleve.

Romanen er omsett av Tove Bakke, og Brit Bildøen har skrive forordet.


Frå Bokmeldingar

"Elegant om oppvekst ... godt oversatt av Tove Bakke. Jeg er glad Fox ikke lenger er ukjent for meg"
Vigdis Moe Skarstein, Adresseavisen

"Det spesielle med denne fremstillingen av en oppvekst i vanskjøtselens tegn, er at den er totalt blottet for føleri og utenomsnakk ... I Tove Bakkes oversettelse får impresjoner og øyeblikksbilder stå og vibrere, i en klar og ren nynorsk som ser ut til å passe perfekt til forfatterens erindringer fra en forlengst svunnen tid ... Etter relanseringen av i alt seks voksenromaner gikk imidlertid Fox fra å være glemt til å bli et fenomen, og det var selvfølgelig også derfor at Samlaget, 40 år etter at boken opprinnelig kom ut, i 2010 ga ut Desperate personar, som den heter i Tove Bakkes oversettelse ... At en såpass lite kommersiell utgivelse som dette kommer på norsk, er langt fra selvsagt. Og i en tid da innkjøpsordningene for litteratur er under hardt press, er det grunn til å minne om at bare slike ordninger kan sikre at også titler fjernt fra all mulig hype og bestselgeri får innpass i vår egen bokheim"
Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten

"Glitrende selvbiografi om et ekstraordinært liv"
Cathrine Krøger, Dagbladet


"Dette er ei interessant og god bok, skriven i anekdotisk form av ein forfattar som veit kva og kvar ho vil. Med ei setning eller to teiknar ho scenene og situasjonane tydeleg og levande, og ho har eit framifrå blikk for særmerke og komikk. Ho legg ikkje mykje band på seg sjølv når ho skildrar veikskap og vondskap, men ho er også raus med godord til dei gode, og ho teiknar ikkje glansbilete av seg sjølv. Tove Bakke har sett om boka så fint at ein skulle tru teksten var skriven på nynorsk i originalutgåva, og Brit Bildøen har skrive eit føreord som straks får lesaren interessert både i boka og forfattaren. Slik skal det vera!"
Odd. W Surén, Dag og Tid

"Språket er entusiastisk og usentimentalt. Den verste vanskjøtsel skildres i en liketil, ofte humoristisk tone, noe som løfter historien ut av den velkjente, tragiske oppvekstskildringen (...) Fox’ blikk på seg eget liv er usedvanlig, nesten satirisk, og vitner om en bemerkelsesverdig personlighet"
Ingrid Melfald Hafredal, Klassekampen

"Et lite stykke Amerika (...) Paula Fox skriv knitrande og klart og med eit absolutt gehør for minne frå sin eigen oppvekst"
Margunn Vikingstad, Morgenbladet


ISBN: 9788252180367

Kategoriar: Bestselgere, Paula Fox, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2014, Innbunden,

Sjanger: Romanar og noveller



Fleire bøker av Paula Fox