Last ned omslag

Bla-i-boka

Kvotebaronar

Gunnar Grytås

Privat rikdom - utarma fiskevær

Historiene frå kysten er ulike. Mange handlar om privat rikdom skapt på kort tid. Andre om forfall og avmakt i samfunn der kvotebaronar og konsesjonsadel har skaffa seg arvesølv på billigsal. Nye klasseskilje har oppstått i ei næring der solidariteten ein gong var så viktig. I dag spør folk korleis fisken, ein felles ressurs så kjapt er blitt spekulasjonsobjekt. Samtidig som vi no for alvor innser kor verdifulle kvotene og konsesjonane er, flyt verdiane bort frå kysten.

Mange har utpeika Kjell Inge Røkke og tidlegare fiskeriminister Svein Ludvigsen som agentar for privatiseringa. Men også Arbeidarpartiet og Norges Fiskarlag har eit stort ansvar for ein politikk som har samla kvoter og konsesjonar på stadig færre hender. Havlandet har gått på børsen, kysten er utarma samstundes som eksporten frå fiskeri-Noreg nærmar seg 100 milliardar i året.

Noreg har som mål å vera «verdens fremste sjømatnasjon», men kva slags fiskeristormakt vil vi bli?

Frå Bokmeldingar

"Berre ein djupt infomert generalist som Grytås kunne ha skrive ei bok som Kvotebaronar. (…) Grytås skjønar, og evnar å formilde, heilskapen i det som går føre seg, i fiskebåtane på havet, men også i politikken, byråkratiet, forvaltinga, økonomien og i den norske kulturen og ikkje minst i samspelet mellom alle desse felta. (…)
Resulatet er ei imponerande bok. Grytås opnar alle luker i det som for kystfolk , og nasjonen som heilskap, er ein slags adventskalender av toskeskap, griskheit, vankunne, utilsikta konsekvensar, likesæle og feigskap."
Morten Strøksnes, Dag og Tid

"En bok som bør bli spredt, lest og brukt i alle fiskevær og kystbygder. Gunnar Grytås har skrevet en særdeles nyttig øyeåpner om de overgrep som kystens folk har vært utsatt for gjennom mange år. Det gjennomgående temaet i den velskrevne og medrivende boka er den sjokkerende mangel på moral i de økonomiske og politiske makthavernes spill for å få overført store samfunnsverdier fra fiskerne til rederiene. Boka anbefales på det varmeste, for i den står det mye som mange av oss ikke veit."
Ottar Brox, Klassekampen


ISBN: 9788252184983
Utgitt:

Kategoriar: Bestselgere, Fakta og dokumentar, Gunnar Grytås

Emneknagg: 2014, Hefta

Kategoriar: Historie



Fleire bøker av Gunnar Grytås