Kultursosiologi

Willy Martinussen

Boka tek utgangspunkt i kultur som meiningsfelleskap, og gir oversikt over denne delen av kultursosiologien. Forfattar gjer greie for utviklinga av fagfeltet og ulike tilnærmingar og perspektiv. Siste del av boka tek opp norske forhold i dag, verdiskilje og endringsprosessar.

Kultur handlar om symbol, verdiar, røyndomsoppfatningar, normer, forteljingar og språk og kan definerast på mange ulike måtar. Willy Martinussen tar i denne boka utgangspunkt i kulturen som ei felles meinings- og symbolverd. Han skil mellom kultur som ein relativt heilskapeleg sosial arv og kultur som eit meir flytande og mangfaldig produkt skapt i samhandling mellom menneske.

Den norske kulturen blir framstilt i eit sosiologisk lys og illustrerer dei ulike tilnæmingane i sosiologien. Boka beskriv dei viktigaste hovudtrekka i befolkningas grunnleggjande verdiar og røyndomsoppfatningar. Kva er tyngdepunkta i kulturen vår? Og kva variasjonar, konfliktar og kulturelle endringar ser vi?

Boka er skriven for sosiologistudentar på bachelornivå, men vil òg vere relevant for studentar på kulturstudier.


ISBN: 9788252163575

Kategoriar: Bestselgere, Høgskule og universitet, Willy Martinussen

Emneknagg: 2004, Hefta,

Sjanger: Samfunnsvitskap



Fleire bøker av Willy Martinussen