Knivar i høner

David Harrower |
Hefta | ISBN: 9788252158915

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price290 kr

Handlinga i Knivar i høner tek plass i ein gudfryktig landsby i førindustriell tid. Heste-William, landsbyens plogkar, er gift med ei kvinne som er så usjølvstendig og vag at ho berre blir omtalt som "den unge kvinna".

I byrjinga verkar ho som ein enkel sjel med eit barnleg sinnelag, ei kvinne som berre snakkar i halvsetningar og forundra freistar å setje ord på tinga rundt seg. Dette endrar seg då ho vert kjent med møllaren i landsbyen, Gilbert Horn.

Knivar i høner handlar om den unge kvinnas sjølvrealisering. Men dette er langt frå ei tradisjonell historie om sjølvrealisering. Både Gud og djevelen er implisert, og det vert utkjempa harde kampar om den unge kvinna. Då Gilbert Horn tilbyr ho ein penn til å skrive med, er det ei freisting på linje med då Eva vart tilbydd eplet i Edens hage. Uskuldig, men på same tid erotisk, oppdagar den unge kvinna gleda og krafta ved eit nytt liv. Spørsmålet til slutt er om det heile har gått for langt. Dette er intelligent skildring av ei kvinnes oppdaging av eit språk som gir makt, som kan manipulere. Harrower har sjølv sagt at har ikkje er så sikker på om dette er frigjering eller ikkje. Samstundes er Knivar i høner eit pasjonert trekantdrama.

Knivar i høner er David Harrowers første stykke, og er no omsett til norsk av Jon Fosse. Det blei satt opp på The Traverse Theatre i 1995, og har sidan blitt sett opp i dei fleste europeiske land, blant anna på Deutsches Theater, i Thomas Ostermeiers regi. Stykket har også blitt spelt i USA, Canada, Australia og Columbia. I Noreg blei stykket spelt på Det Norske Teatret i 1997, regien var ved Jon Tombre.

David Harrower

Du likar kanskje desse

Sist sett på