Jon Eikemo

Ottar Fyllingsnes

Tett på folkekjær skodespelar

Dette er ein varm og personleg samtalebiografi om Jon Eikemo �� ein av våre store, folkekjære skodespelarar med ein tilhengarskare som femner vidt.

Den velkjende strilen har gitt oss minne rike opplevingar med Splint, Schweyk, Brecht og Holberg, i Bikubesong, Mormor og de åtte ungene og sjølvsagt einmannsshowet med tekstane til Jakob Sande. Han fyller 70 år til hausten og er framleis svært til stades i den norske bevisstheita. Boka tek m.a. for seg barndom og oppvekst, osloliv, teaterkarriere og privatliv.

Kjærleiken, motgang og medgang er velkjende delar av livet til den frodige vestlendingen.

Boka er illustrert med bilete frå Eikemos liv.

Frå Bokmeldingar

"Boka gjev eit nært og varmt inntrykk av ein skodespelar som vekslar mellom å vera nesten beskjeden i forhold til sitt eige talent, og ein stor forkjempar for å behalda sin eigenart og sin bakgrunn."
Brynhild Steine, Hordaland




Fleire bøker av Ottar Fyllingsnes