Jærquiz

Ola Fintland | Kjell Olav Stangeland

777 spørsmål om alt mellom himmel og jord

Kva heiter gjesdalbuen som fekk Nobelprisen i økonomi i 2004? Kva er ei maggedeisa? Kor mange svenskar spelte frå start då Bryne tapte cupfinalen mot Viking i 2001? Kva heiter bakeriet i Sirevåg? Kven i Kaizers Orchestra er mest tatovert? Går E39 innom Time kommune? Kva frekvens sender Jærradioen på?

Du kan stille spørsmål om alt mellom himmel og jord. I denne boka får du spørsmål som du ikkje visste at du kunne svaret på, og svar på spørsmål som du ikkje visste at du lurte på.

Forfattarane Kjell Olav Stangeland, ansvarleg redaktør i Jærbladet, og Ola Fintland, journalist i Stavanger Aftenblad, har laga ei quizbok der alle spørsmåla handlar om Jæren på ein eller annan måte. Dette er boka som kan redde ein regnvêrsferie eller skape underhaldning på den lokale puben. For ikkje å snakke om at det er den perfekte vertinnegåva eller noko du gir deg sjølv for å lære Jæren betre å kjenne.


ISBN: 9788252172898

Kategoriar: Bestselgere, Fakta og dokumentar, Ola Fintland

Emneknagg: 2008, Hefta,

Sjanger: Humor og underhaldning



Fleire bøker av Ola Fintland