Snøhetta - Hus som vil meg hysa

Kjartan Fløgstad

Snøhetta er Noreg fremste merkevare innan arkitektur og design, og har erobra verda med sine dristige og originale byggverk. I denne boka fortel Kjartan Fløgstad den fascinerande historia om det norske arkitekturfirmaet. Gjennomillustrert i fargar.

Snøhetta er Noregs fremste merkevare innan arkitektur og design. Det norske arkitektfirmaet har erobra verda med sine dristige og originale byggverk og står bak monumentale bygg som biblioteket i Alexandria og det planlagde operabygget i Bjørvika. I denne arkitekturboka heilt utanom det vanlege blir den fascinerande historia om Snøhetta fortalt av Kjartan Fløgstad.

"At bildene i en slik bok er flotte, skulle nesten bare mangle, men resultatet har virkelig blitt visuelt innbydende og gjennomført til minste detalj. "Snøhetta" er en uvanlig glossy Fløgstad-bok, men samtidig velformulert og tankevekkende, også for lesere som ikke nødvendigvis følger forfatteren politisk." Ane Faresethås, Dagens Næringsliv

"Kjartan Fløgstad ser arkitekturen i en historisk, politisk, litterær og kulturell kontekst. Bare av den grunn er hans bok om arkitekturkontoret Snøhetta forfriskende lesning." Mari Lending, Morgenbladet

"La meg først si at boka om Snøhetta er en flott bok i et bredt format, full av fine bilder. Også kommunikasjonen mellom bilder og tekst i boka er god." Tom Egil Hverven, NRK

Byggjekunst og diktekunst smeltar saman når forfattaren tek oss med på ei reise rundt i Norge og ut i Europa, til Fiskerimuseet på Karmøy, det nordiske ambassadekomplekset i Berlin, til bakgater i Oslo og til Turner-museet i Margate. Snøhetta er historia om eit stykke Norge, og eit stykke Norge i Europa, skriv Fløgstad. Med sitt blikk for visuelle detaljar og sans for geografiske og sosiale særeigenheiter, viser Fløgstad fram korleis Snøhetta omskapar gamle industrilandskap og fallerte hamnebyar, lagar byggverk som er umerkeleg monumentale, byggverk som skjer jordskorpa med eit uventa snitt. Pressekonferansen vil bli halden på kafeen Kaffa som ligg i same bygget som Snøhettas kontor. Det er dessutan arkitektfirmaet som har innreia kafeen, og det blir høve for kort omvisning i lokala til Snøhetta etter pressekonferansen.

Kjartan Fløgstad (f. 1944) har gitt ut dikt og gjendiktingar, prosastykke og forteljingar, romanar, essay og dokumentarbøker. Fløgstad har blitt tildelt ei rekkje litterære utmerkingar, som til dømes Nordisk Råds litteraturpris, Brageprisen og Gyldendal-prisen. Kjartan Fløgstad som skjønnlitterær forfattar er å sjå på som ein lekmann i forhold til arkitekturfaget. Dette gir boka ein ny og annan dimensjon, og Fløgstad gjer dette til arkitekturbok heilt utan sidestykke. Det mange ikkje veit er at Fløgstad i yngre år byrja på arkitektturstudiet i Trondheim. Det er såleis med eit visst kvalifisert blikk Fløgstad kjem med sine betraktningar




Fleire bøker av Kjartan Fløgstad