Hulda Garborg

Arnhild Skre

Rikt illustrert biografi om allsidig føregangskvinne

«Hva ved de om mig alle disse som tror sig berettiget til at holde Tale for mig fordi jeg har danset lidt med nogen Ungdommer og især fordi jeg er Garborgs Kone? Ingenting.»

Hulda Garborg (1862-1934) tok oss på kornet i dagboka si. I denne rikt illustrerte biografien fortel historikar og journalist Arnhild Skre også om alt det andre Hulda Garborg var: Populær dramatikar og ein produktiv omsetjar med stor eigen forfattarskap og omfattande journalistisk produksjon. Ho var ungdomsidol og kosthalds- og livsstilsreformator. Dessutan husflidsgründer, grunnleggjar av Det Norske Teatret og ein av dei mest vidreiste og samtidsorienterte kulturarbeidarane landet har sett. Ikkje minst var ho ein utrøytteleg opposisjonell som kunne skjelva for småting i unge år, men som i vaksen alder tolte den beinharde norskdomskampen best av alle. Kanskje hadde ho for lite sjølvkritikk, og kanskje var ho litt for glad i sterke menn?

Nært og usminka om Huldas krevjande samliv med Arne Garborg, ein av Noregs mest framståande forfattarar.

Frå Bokmeldingar

Terning 5Denne biografien blir stående lenge
Alf Kjetil Igland, Fædrelandsvennen

Terning 5Biografien er et solid stykke arbeid. Ikke bare fordi leseren blir godt kjent med Hulda Garborg, men like mye fordi Skre formidler et spennende tidsbilde av allmenn historisk interesse. ... Boken er dessuten svært velskrevet.
Sten Inge Jørgensen, VG

Arnhild Skre har et befriende avklart forhold til skrivemåten sin.
Atle Christiansen, Aftenposten

… biografien er appetittvekkjande, ja, openberrande… Biografien vert … ei retteleg frigjerande leserøynsle … ... for alle dei som til liks med meg, på slutten tenkte at denne biografien med sine 669 sider då godt kunne vore endå lengre. Ein rein lesefest!
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Dag og Tid

Hun viser hvor sentral Hulda Garborg var i etableringen av det norske, hun viser hvordan en sterk, insisterende og uhyre arbeidsom kvinne gjennom nasjonal identitetskamp klarte å skaffe seg en maktposisjon i en mannsstyrt utkantsivilisasjon i Europa.
Andreas Wiese, Dagbladet

Arnhild Skre skriv lett og spennande, samstundes som ho dokumenterer godt.
Jan Inge Sørbø, Klassekampen

Arnhild Skre greier med denne tjukke biografien å reisa eit solid minnesmerke over Hulda Garborg som ein pådrivar og eit føregangsmenneske for det moderne Noreg.
Tor Obrestad, Morgenbladet




Fleire bøker av Arnhild Skre