Last ned omslag

Bla-i-boka

Ho kjem fram i regnet

Sindre Ekrheim

Vakre dikt frå naturens mikroplan

Dikta i denne boka framstiller rørsler i naturen på detalj- og mikroplanet: insekta, korna, dropane, fnugga og bakteriane. Mellom desse dikta utfaldar ei rekkje prosastykke ein brutal kronologi, ei historie om ei mor i siste livsfase. Dei to forteljingane i boka viser til ein heilskap der naturen, menneska, livet og døden er bygde opp av dei same bestanddelane.

Frå Bokmeldingar

"Dette er stort i sin sjanger (...) ein frydar seg over lyriske einskilddikt hos ein teknisk og formelt avansert poet som like effektivt formidlar lyrikken sin med uornamentert språkleg klårleik som med typografisk finesse; og kjennest den utgamle sonetteforma mest høveleg, så rår Ekrheim på vakkert vis med den også."
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad


ISBN: 9788252184105

Kategoriar: Bestselgere, Sindre Ekrheim, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2013, Innbunden,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Fleire bøker av Sindre Ekrheim