Havet, døden og vêret

Narve Fulsås

Viktig referanseverk i moderne norsk historieskriving. Narve Fulsås sameinar empiri og teori i ei nyskapande kulturhistorie om mentalitetsendringar hos den norske kystbefolkninga 1850-1950.

Det er ei kjend sak at fiske og skipsfart langs kysten tok mange liv i førmoderne tid. Eilert Sundt var den første som dokumenterte dette. Han fann at Noreg hadde fleire «voldsomme dødsfald» enn andre europeiske land, og at ein vesentleg del av desse kom av drukning. «For mandfolk over 10 års alderen ligger ... i Tromsø stift den skjebne for, at 1 af 4 finde sin død i bølgerne.» Og det aller verste, meinte Sundt, var at folk såg ut til å akseptere dette med fatalistisk resignasjon.

I boka viser forfattaren korleis dette gradvis endra seg, og korleis telegraf, dagsaviser, motorisering, forsikring og vêrmelding var med å fremje ei moderne risikooppfatning av ulykker. Arbeidet byggjer på eit variert empirisk materiale: tradisjonsstoff, skillingsviser, avisartiklar, vêrvarslingsarkiv m.m., og forfattaren trekkjer vekslar på ei rekkje forskjellige teoretiske tilnærmingar, som moderniseringsteori, språkfilosofi, vitskapssosiologi og medieteori.

Boka vender seg i første rekkje til studentar og forskarar i historie, etnologi og folkloristikk, men vil også vere relevant for fagområda sosiologi, antropologi og medievitskap.


ISBN: 9788252161694

Kategoriar: Bestselgere, Høgskule og universitet, Narve Fulsås

Emneknagg: 2003, Hefta,

Sjanger: Historie og kulturvitskap



Fleire bøker av Narve Fulsås