Last ned omslag

Bla-i-boka

Handle rett

Siri Helle

Lure val i ein matbransje full av juks

På matbutikken tek me mange val. Berre ei heilt ordinær syltetøyhylle kan skapa hovudbry. Kva skal eg velja? Mat er næring, sosialisering, økonomi og arbeidsplassar, men mat òg ei rekke val: Kva er sunnast? Kva er mest berekraftig? Kva er rett pris å betale? Agronomen og matentusiasten Siri Helle gir lesaren møte med gjengangarar frå norske matbord og matbutikkar. Ho trekkjer fram vanlege produkt og diskuterer berekraft, dyrevelferd, marknadsføring og tilsetjingsstoff.

Dette er ei bok som skal hjelpe lesaren til å bli ein bevisst forbrukar. Siri Helle er ei hjelp på handleturen. Etter å ha lese boka er det lettare å svare på spørsmålet: Kva er bra mat både for verda og meg?

Frå Bokmeldingar

"Den som ikkje får seg nokre aha-opplevingar av å lese denne boka, må leve på ein diett av luft og kjærleik. For her står oppdagingane i kø. Siri Helle klarar å vere opplysande og pedagogisk utan å vere belærande eller moraliserande. Ved hjelp av humor og anekdotar frå eige liv som etande menneske klarar ho å gjere matpolitikk usedvanleg interessant. "Handle rett" er ein god rettleiar på veg mot ei reflektert og rettferdig ferd gjennom mathyllene."
Sigrid Agnethe Hansen, NRK


ISBN: 9788252186864
Utgitt:

Kategoriar: Bestselgere, Fakta og dokumentar, Måltid, Siri Helle

Emneknagg: 2014, Hefta

Kategoriar: Historie



Fleire bøker av Siri Helle