Gokk

Maria Tryti Vennerød

Tre energiske skodespel i eitt band

Morosamt, frekt og nådelaust frå kritikarrost dramatikar.

Maria Tryti Vennerød kjem no med tre skodespel samla i éi bok, Gokk, Safari og Testen, som alle handlar om menneske som leitar etter grunn under føtene, men som leitar på feil stad.

I Gokk reiser Siv til Gokk for å leita etter den bortkomne faren. I staden finn ho eit lokalsamfunn som dyrkar eit heltebilete av same mannen – men mannen sjølv har ingen sett.

I Safari oppsøkjer visedirektøren Teddy ein forfallen dyrehage etter stengetid. Der møter han den svoltne dyrepassaren Molly. Teddy prøver å gjera ei god gjerning.

I Testen møtest ein mann og ei ung jente. Jenta har med seg svarbrevet på ein farskapstest.

Maria Tryti Vennerød (f. 1978) skriv med språkleg energi. Ho er morosam og frekk, og ho er ikkje nådig mot karakterane sine. Ho fekk Ibsenprisen 2005 for Dama i luka. Ho har tidlegare gitt ut Meir (2007).


ISBN: 9788252175059

Kategoriar: Maria Tryti Vennerød, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2009, Hefta,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Fleire bøker av Maria Tryti Vennerød