Fredlaus

Ragnar Hovland

Vinnar av Kritikarprisen 2006!

Då Anders skjønar at foreldra hans har tenkt å skilje seg, forlèt han dei og systrene sine og går ut i skogen. Der slår han seg til i huset til Dobbel-Aksel, som hengde seg i ei bjørk for mange år sidan. 

Her vil Anders gløyme sitt tidlegare liv og leve på villmarksvis. Men han får ikkje vere lenge åleine, den mystiske Hilmar frå Skogane dukkar opp. Og snart finn den eine etter den andre fram til skjulestaden hans. Livet utanfor trengjer seg på. Kva skal han no gjere med kjærleiken? Kva gjer han når Hilmar vil ha han med på eit farleg oppdrag? Anders skjønar fort at livet i villmarka er annleis, og mykje farlegare enn han hadde trudd.

Ragnar Hovland fekk Kritikarprisen 2006 for denne boka, og er dermed den første som har vunne både vaksenprisen og barne- og ungdomsprisen.

Frå Bokmeldingar

"Å lesa Hovland er å gå inn i tette, tjukke skogen, ikkje veit ein kvar dette endar, ikkje veit ein kva som kan finnast der inne. Hovland ryddjar nytt landskap, syner oss ei lysande glenne der inne, fullt av mysterium og poesi. Bøker ein har likt og lese klaskar saman på denne opne sletta. I eit villskapens og openberringas grenseland foreinast referansar som ber i seg bibelske namn og allusjonar til tekstlege munnspeltonar frå Robin Hood, Dickens og Twain. Fredlaus er Hovland i kjend stil, men ikkje berre. Forfattaren rører seg litterært med denne romanen, både språkleg og tematisk. Når Hovland no får Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok 2006, er det fordi forfattaren har skrive den trassige danningsromanen Fredlaus, som frå og med no vil verta ståande som ein klassikar."
Juryen, Kritikarprisen 2006

"Mesterskapet hos forfatteren ligger nettopp i hvordan denne stemmen balanserer mellom en sår ensomhetsfølelse som leseren kan identifisere seg med, og en syrlig selvhøytidelighet som vi smiler av. I tillegg har forfatter Hovland lagt inn presise observasjoner av hva Aksel leser ut av det usagte i møtene med Katrin, Tomas, søstera og noen voksne. Dette er en bok som jeg tror taler til sårbarheten og livsvisdommen hos modne ungdommer og ungdommelige modne. Litt maniert, men full av vemodig innsikt."
Morten Haugen, Adresseavisen

"Ragnar Hovland skriver drivende godt. Han har en underfundig humor som løfter en historie som er relativt alvorlig."
Kaja Korsvold, Aftenposten

"De få gangene man møter en ungdomsbok hvor hovedpersonen forblir ute i verden, gjør derfor sterkt inntrykk. Da dreier det seg enten om en modig forfatter, eller en modig hovedperson. I Ragnar Hovlands ungdomsroman Fredlaus møter vi begge deler (...) en godt komponert, varm og humoristisk påminnelse om behovet for å gjøre egne veivalg, uansett alder"
Nina Mèd, Dagsavisen

"Tvert imot har boken et dypt alvor og mye melankoli i seg. Stilen er lun og konkret med et tidløst preg (...) Godt at Hovland er tilbake igjen med sin første ungdomsroman på herrens mange år."
Truls Horvei, Haugesunds Avis

"Allikevel spår jeg at denne boken kan bli en klassiker. Den er så norsk, full av humor."
Kirsten Viker Lunde, Oppland Arbeiderblad


ISBN: 9788252171822

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Bestselgere, Pocket, Ragnar Hovland

Emneknagg: 2008, Pocket,

Sjanger: Barn og unge



Fleire bøker av Ragnar Hovland