Fredlaus

Asbjørn Rydland |
E-bøker | Sidetal: 323 | ISBN: 9788252187595

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price249 kr
Fredlaus er siste band i knallsterk og prislønt fantasyserie om Drakeguten. I denne romanen er Koll fredlaus og på flukt frå den nye leiinga i Kervad, han er avskoren frå nesten alle han bryr seg om. Med eit brennande ønskje om hemn og oppreising tar han opp jakta på fienden som har trekt i trådane og gjort livet surt for både han og dei andre kervingane. Men fienden er slu, og snart blir Koll nøydd til å venda tilbake til ei usikker framtid i Kervad. Men kan han halda seg på frifot lenge nok til å stoppa trusselen som lurar? Og skulle han greia det, kjem nokon i det heile tatt til å takka han?

Fredlaus er femte og siste band i serien om Drakeguten, der politiske og overnaturlege konfliktar møtest i eit klimaks som vil endra både Koll og heimbyen hans for alltid, både på godt og vondt.

Asbjørn Rydland

Du likar kanskje desse

Sist sett på