Frå alle kantar ber vinden med seg ord og plantar

Jóanes Nielsen | Lars Moa

J��anes Nielsens styrke er sanseleg, uslipt metaforikk og skildringar frå arbeidsliv og kjærleiksliv. Metoden hans er kjenneteikna av ekspansjon, oppramsing, laust samanføydde assosiasjonar og ei sjølvframstilling som leier tanken mot Vladimir Majakovskij, Walt Whitman og Pablo Neruda.NOMINERT TIL KRITIKERPRISEN 2007

I 2005 gav Samlaget ut Bruer av svoltne ord av den færøyske forfattaren og poeten Jóanes Nielsen. Lars Moa viser her igjen at han er ein god gjendiktar. Utvalet er frå dei fem første diktsamlingane til Nielsen og viser mykje av variasjonen i diktinga hans. Nielsen skriv politiske programdikt som han gjer så jord- og livsnære som mogleg.

"Lars Moa har gjort eit viktig arbeid med desse gjendiktingane"Oddmund Hagen, Dag og Tid

"Gjendiktaren Lars Moa skal ha all ære for å ha gjeve oss ei så grundig innføring i ein moderne færøysk forfattarskap [...]"

Knut Ødegård, Aftenposten

ISBN: 9788252171150

Kategoriar: Bestselgere, Jóanes Nielsen, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2007, Innbunden

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Fleire bøker av Jóanes Nielsen