Last ned omslag

Bla-i-boka

Felttestamente

Arild Rein

Apokalypse og aktiv dødshjelp på sjukeheimen

Ein anestesisjukepleiar har teke livet av ei rekkje pasientar på ein sjukeheim for å lindre smerta deira. Han mister etterkvart kontrollen over seg sjølv og det han held på med. I et forsøk på å redde livet prøver han å skrive ut livssoga si og legitimera det han held på med. Men språket, som han heller ikkje har kontroll over, og som han trur er ein livbøye, viser seg å vere ei søkke.

Rein, kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil, tok med sin førre roman, St. Olav-komplekset, steget ut i skrekksjangeren. Han held seg i det same sporet i Felttestamente, når han lar religiøse apokalypseførestillingar vere ein del av bakgrunnen for drapa som blir utførte.

Frå Bokmeldingar

Terning 5"Fordi Rein har skapt seg ein slik forkomen og kraftfull, feminin og handlekraftig, praktisk og svermerisk, ordhag og ravande karakter som denne eg-forteljaren er, fungerer hans eigne overdådige bildeskapande ferdigheiter som aldri før, frydefullt pepra over heile boka."
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

"Arild Rein syner at dårleg språk kan vera god litteratur, i ein original roman om liv og død (...)"
Odd W. Surén, Dag og Tid




Fleire bøker av Arild Rein