Einskapsskolens historie i Noreg

Nils Eckhoff

Einskapsskolens historie i Noreg er ei oversiktleg innføring i den norske einskapsskolens utvikling frå 1850-talet til i dag. Forfattaren viser korleis parallellskolesystemet på 1800-talet gradvis vart erstatta av ein felles grunnskole for alle.

Medan kjønn og sosial klasse tidlegare bestemte kva for skole ein skulle gå i, vart tanken om ein felles obligatorisk grunnskole med felles læreplanar stadig sterkare gjennom 1900-talet. Hovudtanken bak einskapsskolen i dag er at alle barn går i same skole, uavhengig av sosiale, økonomiske og etniske føresetnader.

Boka fokuserer særleg på tre aspekt ved utviklinga:

* Korleis har organiseringa av skolen endra seg? Kva har vore drivkreftene bak utviklinga frå allmugeskole til folkeskole og vidare til grunnskole?

* Korleis har innhaldet i skolen endra seg? Kva fortel læreplanane oss om fag og aktivitetar ein har lagt vekt på i ulike periodar?

* Kva for verdigrunnlag har allmuge-, folke- og grunnskolen vore tufta på? Kva kan dei skiftande føremålsparagrafane fortelje oss om dei rådande verdiane i skolen?


ISBN: 9788252157420

Kategoriar: Høgskule og universitet, Nils Eckhoff

Emneknagg: 2001, Hefta,

Sjanger: Pedagogikk og lærarutdanning



Fleire bøker av Nils Eckhoff