Ein betre vår ein gong

Anders Aschim

Grundig biografi om salmediktaren, bibelomsetjaren, lingvisten og statsråden Elias Blix

Elias Blix hadde ein eventyrleg karriere: som farlaus fiskarbondeson frå Gildeskål i Nordland kom han seg til seminaret i Tromsø, tok teologiutdanning i Kristiania, studerte semittiske språk i Leipzig og vart professor i hebraisk. Han var kyrkjeminister i Johan Sverdrups Venstre-ministerium 1884��88, og stod ansvarleg for det språkpolitisk viktige jamstellingsvedtaket i 1885.

Blix var sterkt engasjert i omsetjinga av Bibelen til landsmål, men først og fremst er namnet hans knytt til ei rad av våre mest kjende og folkekjære salmar: «No livnar det i lundar», «Gud signe vårt dyre fedreland», «No koma Guds englar», «Med Jesus vil eg fara» og songar som «Å eg veit meg eit land». I alt står han bak 130 originale og 76 omsette salmar, og Elias Blix må ha mykje av æra for at landsmålet vart «kristna» og at nynorsk kyrkjemål står så sterkt.

Det ligg mange års forskararbeid bak denne første grundige biografien, og som teolog og medarbeidar i vår nyaste bibelomsetjing har Anders Aschim hatt særlege føresetnader for å løfte fram kjende og ukjende sider ved mannen og verket.

Frå Bokmeldingar

"Eg har berre ein negativ merknad etter å ha storkost meg med Blix-biografien: Det er synd det ikkje finst sjutal på terningen!"
Paul Odland, DagenMagazinet

"Det er meisterleg gjort, ikkje mindre enn eit kunststykke, å få den store mengda av nye opplysning­ar til å føye seg inn i eit stort heilskapsbilete, utan at framstillinga løyser seg opp i fragment og digresjonar og utan at det kjem trøyttande oppattakingar"
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Dag og Tid

"Anders Aschim har skrive ein uvanleg god biografi om Elias Blix"
Erik Kjebekk, Tidsskriftet Fast Grunn

"Anders Aschims biografi om Blix framstår som et imponerende arbeid."
Elin Lindberg, Nationen

"Ei kort bokmelding kan på ingen måte gjere boka eller forfattaren rett. Fordi Elias Blix Ein betre vår ein gong var ei så lystfylt lesaroppleving for meg, kan eg ikkje rå andre til å lese boka på ein meir overtydande måte enn ved å ønskje meg fleire bøker frå Anders Aschims hand."
Tove Bull, Nordlys

"Det er samla sett eit solid arbeid Anders Aschim har levert"
Hallgeir Elstad, Norsk Teologisk Tidsskrift

"Med denne biografien har Blix fått eit monument han fortener."
Jan Inge Sørbø, Stavanger Aftenblad

Terning 5 "Anders Aschim, som selv er teolog og bibeloversetter, har gjort et svært godt arbeid med denne boken - helt på høyde med hva våre beste biografer presterer."
Sten Inge Jørgensen, VG


ISBN: 9788252164299

Kategoriar: Anders Aschim, Bestselgere, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2008, Innbunden,

Sjanger: Biografi og portrett



Fleire bøker av Anders Aschim