Last ned omslag

Bla-i-boka

Eg er så nær morgonen eg kan kome

Veronika Erstad

Debutantdikt med heilt særeigen tone

I denne samlinga blir vi tekne med til eit draumeaktig landskap der ei enkel scene blir etablert: To hus i ein skog ved havet, og to naboar. I denne geografien blir identiteten sett på prøve – både for eg-et, naboen, dyreriket og verda omkring – når dei ulike posisjonane gjennomgår stadige forskyvingar. Grensene mellom årstider, dyre- og menneskeliv, draum og røyndom er flytande, ord og setningar blir brotne ned og bygde opp på nye måtar. Gjennom variasjonar, speglingar og brotstykke blir det skapt ei uro og eit intenst nærvær.

Erstads dikt har ein heilt særeigen tone, og dei vil halde på merksemda til lesaren fram til siste side.

Bølgjene slår mot vestveggen. Bølgjene dreg huset med seg ut, slepp det ifrå seg. Huset driv med vinden. Eg ventar i skogkanten, tel fuglar som bryt havf lata.

Frå Bokmeldingar

"Erstad holder oss trygt i sin uvirkelige verden, med et fengende og aktsomt språk. Boka er en original tematisering av livets fysiske betingelser, og sivilisasjonens plass midt i den uregjerlige naturen"
Sindre Andersen, Klassekampen


ISBN: 9788252182736
Utgitt:

Kategoriar: Bestselgere, Skjønnlitteratur, Veronika Erstad

Emneknagg: 2015, Innbunden

Kategoriar: Lyrikk, drama og essay



Fleire bøker av Veronika Erstad