Du er her igjen og alt er forandra

Gaute M. Sortland

Underfundige og snåle forteljingar

�� Kom deg vekk og ta med deg alt du eig, ropar du. Eg begynner å pakke medan du låser deg inne på do og græt. Det er heilt krise. Heldigvis eig eg ikkje stort. Berre litt klede, ein stabel bøker, einryggsekk, gitaren, sykkelen, ein sovepose og så sjølvsagt porselenseselet.

Tenk deg å kunne drepe nokon berre med blikket. Tenk deg å kjenne seg så fri, som ein jamaica-kar, at du kler av deg og går rett bort og helsar på naboen. Eller tenk deg noko så fint som å bli vekka av dryssande snø ned på ansiktet ditt frå lua til den du bur med, og snart luktar det nybakt brød, og det er på tide å stå opp. Slik er det i Gaute M. Sortlands nye bok der forteljingar er spreidde utover eit heilt vanleg år. Her får dei fleste vere med: sokneprestar, fyllekjørarar, livsnytarar og (potensielle) øksemordarar. Folk som opplever at livet plutseleg har endra seg, eller som med eitt oppdagar seg sjølv midt i livet.

Frå Bokmeldingar

"Rett og slett tettpakket med godsaker."
Bjørn O. Mørch Larsen, Bergensavisen

Smått og godt. Stemningsfulle småtekster med vidd og vett […] Sortlands små tekster er gode eksempler på at kortprosa verken er amputerte noveller eller hverdagspoesi. De er noe helt for seg selv.

Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

Det er ei nydelig lita bok, dette, tekstene er glatte og klare, som en pose klinkekuler ... Sortland sløser ikke med ordene; språket er knapt og presist, linjene få, det unødvendige skrelt bort ... ei bok full av litterære snapshots ... Gaute Sortlands øyeblikksbilder blir værende i kroppen.

Ellen Sofie Lauritzen, Dagsavisen


ISBN: 9788252178104

Kategoriar: Gaute M. Sortland, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2011, Innbunden,

Sjanger: Romanar og noveller



Fleire bøker av Gaute M. Sortland