Draumen om målet

Ottar Grepstad

Med språket som innsats

Denne boka er skriven med språket som innsats. Ved inngangen til Språkåret 2013 gir den profilerte språkpolitikaren Ottar Grepstad ut boka for den som ønskjer påliteleg informasjon og nye tenkjemåtar om språk i Noreg. Direktøren ved Nynorsk kultursentrum gir seg ikkje før han har funne dei avgjerande fakta eller dei ukjende historiene.

Boka er blitt til over tolv år som årstalar om den språklege tilstanden i Noreg. Dette er både ein journal frå 2000-talet og historiske perspektiv på ei samtid vi trudde vi kjende. I det siste kapitlet samlar forfattaren trådane til ein sterk argumentasjon for nynorsk i det språklege mangfaldet.

Draumen om målet er skriven med den overraskande snerten og dei leikande sentensane som er Grepstads litterære vassmerke, og som fekk kritikarane til å rose bøker som Viljen til språk (2006) og Avisene som utvida Noreg (2010).


ISBN: 9788252177879

Kategoriar: Fakta og dokumentar, Ottar Grepstad

Emneknagg: 2012, Innbunden,

Sjanger: Historie



Fleire bøker av Ottar Grepstad