Draum om hausten

Jon Fosse

Draum om hausten er ei kjærleikshistorie og eit familiedrama. Han og ho møtest tilsynelatande tilfeldig på ein kyrkjegard. Dei har kjent kvarandre før og kanskje sakna kvarandre. Eit heilt liv trer fram gjennom møte på gravplassen med både ekskona og foreldra til mannen. Draum om hausten er ei tidlaus poetisk forteljing om det kvardagslege og mirakuløse, om kjærleik og død. 


Draum om hausten hadde urpremiere på Nationaltheatret i Oslo hausten 1999. Sidan den gong har stykket blant anna blitt sett opp i Danmark, Sverige, Tyskland, Latvia, Estland, Austerrike, Italia, Portugal, Russland, Ungarn, Irland, Romania, Nederland, Slovakia, Polen, Frankrike, Sveits, Brasil, Sør-Korea, USA og Uruguay.




Fleire bøker av Jon Fosse