Last ned omslag

Bla-i-boka

Drapet

Robert Muchamore | Øystein Rosse

Fjerde bok i den spennande serien om CHERUB-agentane!

I tre tiår har Leon vore ein småkjeltring som ikkje har stukke seg ut, men plutseleg begynner han å strø om seg med pengar, og politiet lurer veldig på kor dei kjem frå.

Dei tilkallar CHERUB, den hemmelege organisasjonen som har ein heilt spesiell fordel: Heller ikkje garva forbrytarar får mistanke om at barn og ungdommar spionerer på dei.

Det siste oppdraget til James kan verke rutinemessig: Han skal bli venn med barna til Leon, infiltrere heimen hans og finne nokre leietrådar. Men det James begynner å nyste opp, er noko heilt uventa. Og det verkar som om den einaste som kanskje veit sanninga, er ein einsam atten år gammal gut.

Det er berre eitt problem. Guten fall ned frå eit hustak og døydde for eit drygt år sidan.

Dei tidlegare bøkene i serien heiter Rekrutten, Kokainkongen og Flukta.

Omsett av Øystein Rosse.


ISBN: 9788252175448
Utgitt:

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Bestselgere, Robert Muchamore

Emneknagg: 2011, Hefta

Kategoriar: 9-12 år



Fleire bøker av Robert Muchamore