Do. Ei stinkande reise i bæsjens historie

Pia Strømstad

Ei morosam faktabok om doen gjennom historia og i framtida

Mor di gjer det, far din gjer det, kongen, dronninga og presidenten i USA gjer det. Kva då? Går på do, vel! Gjennom alle tider og i alle situasjonar har folk måtta gå på do.

Men har du eigentleg tenkt på kvar dei gjorde av bæsjen i gamle dagar, før vassklosettet blei funne opp? Eller kva dei gjer med tisset i land der dei ikkje har nok reint vatn? Kva gjer du eigentleg når du må bæsje på ein u-båt, i eit jagarfly eller på ein internasjonal romstasjon?

Alt dette og mykje meir får du svar på i denne boka. Do er eit djupdykk ned i doens historie, ikkje berre i Noreg, men i heile verda. Og framover i tid også, for kvar skal vi eigentleg gjere av all bæsjen i framtida?

Boka er humoristisk illustrert av Flu Hartberg.


ISBN: 9788252193893

Kategoriar: 2017, Barne- og ungdomsbøker, Kommande bøker, Pia Strømstad

Emneknagg: 2017, Kommande,

Sjanger: Faktabøker



Fleire bøker av Pia Strømstad