Last ned omslag

Bla-i-boka

Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet

Sigrid Merethe Hanssen | Åshild Irgens

Møt detektiv Smartbart!

Hagbart Korneliussen er den minste i søskenflokken. Dei to eldre søskena hans, Sigvart og Esmeralda, liker godt å vise at dei er større og flinkare enn han er.

Hagbart har ofte uhell med sjokoladeknekkebrød på tv-rommet og gløymer å henge kleda sine opp i gangen. Han er livredd støvsugaren, og det går ikkje alltid bra å bere ei vaskebøtte opp den lange trappa når ein har så korte bein som han har.

Ein dag, heilt i starten på ein lang og fin ferie, blir dei tre søskena vekt av eit stort brøl, så stort at det ristar i heile huset. Faren deira, Kyrre Korneliussen, eller Oberst Dobørst som ungane gjerne kallar han, har sett seg lei på alt rotet som har samla seg i huset, og set i gang Operasjon Husvask. Alle får sine oppgåver å gjere og mens Obersten dreg på kjøpesenter for å handle, skal dei tre søskena vaske huset.

Ikkje alt går som planlagt. Nokon prøver å sabotere Operasjon Husvask og alle spor peikar i retning av Hagbart. Dette er heilt klart ei sak for Detektiv Smartbart.

Ei lettlest og fantasifull bok som dei fleste barn lett kan kjenne seg igjen i.

Frå Bokmeldingar

"Fantasifull og vakker barnebok. Forfattaren klarer å skape action og eventyr av ein vanleg dag i familien. Boka er full av humor. Teikningane gjer [boka] til ei vakker barnebok."
Margoth Hovda-Lien, Avisa Nordlys


ISBN: 9788252179651

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Bestselgere, Sigrid Merethe Hanssen

Emneknagg: 2011, Innbunden,

Sjanger: 6-9 år



Fleire bøker av Sigrid Merethe Hanssen