Det latterlige alvor

Arthur Arntzen | Dagfinn Bakke

Det er blitt mindre plass for den varme, livsfriske og forløysande humoren i vårt moderne, jagande samfunn - både i folks daglegliv, innanfor helsevesenet, i idretten og i arbeidslivet. Sterkt fokus på effektivitet og materielle verdiar tek frå oss gleda både ved liv og arbeid.

Men Arntzen veit råd, han viser oss korleis den gode humoren kan brukast som ei effektiv motvekt. Det latterlige alvor vil eigne seg både til opplesing, som handbok for "praktisk" bruk av humor i alle livets forhold, og ikkje minst er det fornøyeleg lesestoff med si herlege blanding av varm og klok livsfilosofi og lysteleg forteljing. I heile sitt liv har Arntzen interessert seg for den nordnorske folkehumoren, og formidlinga hans av denne har gitt han ein unik posisjon i det norske folket. Gjennom livslang studering av folkelivet i nord har han skaffa seg grundig kjennskap til humorens forunderlege vesen og kraft. I Det latterlige alvor er den store forteljaren framleis til stades i fullt monn, men her går han breiare og djupare inn i kva humoren betyr for oss.

Frå Bokmeldingar

En personlig fortelling, vemodig, humrende og ærlig [...] Her er det ekte vare.
Tom Stalsberg, Dagbladet




Fleire bøker av Arthur Arntzen