Beina i gitaren

Sunniva Relling Berg

Intens og mørk oppfølgjar til Bragenominerte Utfor

Bo er 17 og har gitt opp å passe inn. Men då ho møter Hans blir det ikkje lenger så lett å tenkje at ingenting betyr noko.

Vi følgjer ho eit år frå sommar til sommar, gjennom tilbakeblikk til barndomen ho er på veg ut av, og intense, men famlande forsøk på å finne sin plass i verda og i forholdet til Hans.

Beina i gitaren er ei sterk, kompleks og velskriven historie om identitet og sterke kjensler.

Frå Bokmeldingar

Fint om vanskelig kjærlighet. Denne boka er tankevekkende og intens. Den reflekterer rundt den vanskelige kjærligheten, redselen for å bli avvist og mot til å ta egne valg.
Wera Birgitte Holst, Blogg.Deichman

Mørkt og finstemt om ei desperat jente. ... en befriende litterær ungdomsroman, skrevet av en dristig forfatter.
Maja Troberg Djuve, Dagbladet

Eg synest Relling Berg får fram den destruktive åtferda til Bo på ein fin måte. Ho skildrar godt, leikar seg med språket og måler fram dei rette stemningane. Eg merkar at eg les setningane om og om att, verkeleg tek til meg orda, og det gjer eg berre når eg likar noko skikkeleg godt. Som i Utfor held ho også her attende litt, for å la lesaren leggje til resten. Beina i gitaren er ei velskriven bok om identitet og sterke kjensler. Det er ikkje lett å vere ung. (...) Sunniva Relling Berg kjem frå Ålesund (jey!), er berre 24 år og har allereie to romanar på samvitet. Kan ein bli meir misunneleg? Eg har gledd meg til denne boka heilt sidan eg leste den førre.
,

Med sikker penn drar Berg leseren inn en tenårings mest følelsesmessige indre kamper. Boka er dessuten tidsriktig, noe som gjør at ungdom lett kan forholde seg
til historien.
Kjersti Ruud Salomonsen, Vårt Land


ISBN: 9788252182927

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Bestselgere, Sunniva Relling Berg

Emneknagg: 2013, Innbunden,

Sjanger: Ungdom



Fleire bøker av Sunniva Relling Berg