Last ned omslag

Bla-i-boka

Atterkomaren

Lene Kaaberbøl | Øystein Rosse

Den spennande finalen om villheksa Clara

I den siste om villheksa Clara har Blodsungen vendt tilbake til livet. Ho vil gjere alt for å bli der, om ho så må ete kvart einaste levande vesen på jorda!

Det er opp til Clara og heksekretsen hennar å stanse henne – sjølv om dei veit kva det krev: For å få atterkomaren ut av verda må éin i kretsen døy.

Atterkomaren er den spennande finalen i Villheks-serien, om Clara som må kjempe for å overleve som villheks, i ei verd der magi ikkje akkurat er barnemat.

Serien kjem ut parallelt på nynorsk og bokmål. Dette er nynorskutgåva. Bokmålsutgåva heiter Gjenkommeren.

Omsett av Øystein Rosse.

Frå 8 år.


ISBN: 9788252184198
Utgitt:

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Bestselgere, Lene Kaaberbøl

Emneknagg: 2015, Innbunden

Kategoriar: 9-12 år



Fleire bøker av Lene Kaaberbøl