Armenia, Albania, Argentina

Rønnaug Kleiva

Sjølvbiografisk reiseroman om menneske på tvers av grenser

I denne romanen, bygd opp av korte notat og forteljingar, følgjer vi hovudpersonen Rønnaug gjennom fleire land. Kontrastane er store når ho reiser gjennom både vanlege feriebyar og farlege utkantområde. Det handlar om å reise åleine i verda som vestleg kvinne. Rønnaug treffer gamle vennar og elskarar undervegs, og boka tematiserer det å bli eldre.

Med varme og humor, og i sin velkjente nøkterne stil, kombinerer Kleiva den indre eksistensielle og den ytre geografiske reisa på ein elegant måte.

Frå Bokmeldingar

Kleiva har eit alvorleg ærende. Kanskje pirkar ho borti eit tabu eller to. Er det angst for sjukdom, alderdom og død som driv henne? … Gjennom eit presist språk framstår boka som så ærleg som eit stykke reisefiksjon kan. Så kvifor reiser ho? Fordi døden sit i setet ved sidan av? Fordi ho blir fri frå sitt heimlege eg og kan sleppe prosaen laus? Dette er ei interessant bok som kan få ein til å reflektera over eigne val og naudsynte turar med pass i baklomma.
Vidar Kvalshaug, Aftenposten

"Min konklusjon er at dette en en liten perle av en bok, satt sammen av små skisser, korte og lange kapitler, skildringer, noen få dikt. Jeg vil nok lese mer av Rønnaug Kleiva, som jeg synes virker som en dyktig og spennende forfatter."

Anita Ness, Artemisias Verden

Det er en modig bok dette. Modig fordi Rønnaug reiser rundt med «overlevingskniven» sin og ganske rolig kommer seg unna innpåslitne resepsjonister, menn som truer med å slå inn hotelldøra, bussjåfører og guider. ... Boka er modig, også fordi fortellerstemmen er så uforstilt direkte; om aldring, egen kropp, elskere.
Cathrine Krøger, Dagbladet

Framifrå og autentisk. Rønnaug Kleiva tek oss med på mange små og alltid engasjerande reiser ... Kleiva høyrer til A-laget i norsk skjønnlitteratur ... Alltid presist språk, skarpe observasjonar og intelligente refleksjonar.
Odd W. Surén, Dag og Tid

Rønnaug Kleiva føyer seg fint inn i den store reiselitteraturen, der kvinner legger ut på nomadiske vandringer.
Arne Melberg, Klassekampen

Lesarane har mangt å gle seg over, i lag med ei motig og tøff kvinne og ein forfattar som tar eg-romanforma heilt ut, i møte med menn og annan røff kultur. Og natur.
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

Kleiva skriver klassisk reiselitteratur. Utfordringen er å la det fremmede være fremmed, ikke å presse det ukjente inn i egne forhåndsbestemte kategorier. Rønnaug Kleiva klarer det. Nå og da sprer hun ut kortere poetiske tekster, som fungerer som vakre kommentarer til reisen … Kleiva har skrevet en nydelig roman, med stor visdom. Hun beskriver den skjørheten som oppstår når vi må stole på vår egen styrke, og hverandre.
Eskil Skjeldal, Vårt Land


ISBN: 9788252178630

Kategoriar: Bestselgere, Rønnaug Kleiva, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2012, Innbunden,

Sjanger: Romanar og noveller



Fleire bøker av Rønnaug Kleiva