Armane mine handlingar

Hildegunn Dale | Hildegunn Dale

Ei reise i grenselandet mellom den indre og ytre verda

I denne diktboka blir vi mellom anna tekne med til eit bølgjekraftverk som er øydelagt av ei bølgje og lagt ope for menneskeleg innsyn. Naturen er i ferd med å ta tilbake det menneskeskapte. Kampen mellom språk og natur, mellom tid og minne står sentralt. Gjennom tekst og fotografi gjer Hildegunn Dale forskyvingar i tid, minne og geografi. Stadene tek farge av sinnet, og ein stad lyser sterkare enn dei andre.

 

Enorme stålmaster veks og forsvinn. Eit helikopter bryt gjennom tåka. Eit flyfoto i svart-kvitt skjelv. Skrape litt i overflata. Nye konturar trer fram. Ein by med høghus, minnetap, trappegang. Eg lyfter blikket over rattet, mister sinnbildet av ein enno ikkje ferdig utgraven stad. Det sklir tilbake til kroppen. Ei hand, den skubbar jord over bildet.


ISBN: 9788252174113

Kategoriar: Bestselgere, Hildegunn Dale, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2011, Innbunden,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Fleire bøker av Hildegunn Dale