Alltid på ein søndag

Hallgeir Opedal | Gunnlaug Moen

Opedal i utval

Spalta Hallgeir på Søndag er kjent for mange Dagbladet-lesarar. Her utfaldar Hallgeir Opedal seg i kjent petit-stil: Lett og ledig og med eit skrått, sjølvironisk og morosamt blikk. Hallgeir er mannen på 40+ med gleder og sorger, angst og kvalar.

Han viser seg både sårbar og sterk når han fortel om kriser i heimen, gleda over myggfullt sommarfiske, herlege bilturar med djevlar i baksetet og lykka over ein kaffi kopp søndags morgon. Kort sagt svært gjenkjenneleg, særleg for dei som er småbarnsforeldre eller som kjenner slike. Vi har samla dei beste tekstane hans og fått han sjølv til å omsetje dei til nynorsk.

Frå Bokmeldingar

"Opedal er en framifrå skribent. Han frambringer ofte smil, humring eller latterkuler hos leseren, er selvutleverende, ironisk og elegant stilistisk."
Stian Bromark, Dagbladet

"[...] som godteri med svært ulik smak og vinkel."
Mette Bleken, Hardanger Folkeblad

Terning 5 "Hvis ikke Opedal skriver som en Gud, har han et djevelsk godt grep om pennen."
Arnstein Olaisen, Haugesunds Avis

"Forbered deg på å le høyt og hjertelig."
Therese-Merete Lindseth, Tromsø By


ISBN: 9788252172713

Kategoriar: Bestselgere, Fakta og dokumentar, Hallgeir Opedal

Emneknagg: 2008, Innbunden,

Sjanger: Kunst og kulturhistorie



Fleire bøker av Hallgeir Opedal