Syn og Segn

Ta av frå allfarvegen ved marknadsplassen og hald fram til skriftstaden Syn og Segn.

Karin Sveen

www.synogsegn.no

 

Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894.

Syn og Segn kviler sterkt i motkulturane og dei alternative rørslene i Noreg. Det du finn i Syn og Segn, finn du sjeldan i andre allmennkulturelle tidskrift, vekeblad eller dei meiningsberande avisene.

Syn og Segn har ei variert blanding av kjende tema og kuriøse tekstar, og gjev lesarane pusterom og tid til å fordjupe seg i forskjellige artiklar. Som nynorsk tidsskrift representerer Syn og Segn både ein nisje, ein folkekultur og ein motkultur.

Som nynorsk tidsskrift representerer Syn og Segn både ein nisje, ein folkekultur og ein motkultur

Syn og Segn er ein premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet – ikkje berre for det nynorske kjernepublikummet, men også for kritisk kulturinteresserte i alle samfunnslag. Tidsskriftet har lesestoff over eit breitt register av tema innanfor kultur, politikk og samfunn og er eit naudsynt korrektiv og supplement til kulturdekninga i norske medium.

I 2010 vart Syn og Segn kåra til Årets tidsskrift i Noreg og også til Årets nordiske tidsskrift. Tidsskriftet var også nominert til Årets tidsskrift i 2015.

Det er Litteraturselskapet Det norske Samlaget som gjev ut Syn og Segn.

Redaktør frå 1. desember 2013 er Knut Aastad Bråten, som til dagleg er å finne i eit kontorfellesskap på Valdres Folkemuseum på Fagernes.
knut@synogsegn.no

 

NYE TANKAR

SKARPE PENNAR

MEIR Å LESE