Generasjon etikk

Det enkle og det einsame

Ei stemme til dei som ikkje blir høyrde

Dette diktverket overskrid dei tradisjonelle skilja mellom forfattar og person, offentleg og privat, men tek samstundes opp klassiske tema som sorg, kropp og begjær. Brutalt, direkte og med ein stor sans for poetisk timing skildrar Asta Olivia Nordenhof episodar frå kvardagen i notida og frå ein vanskeleg oppvekst. Med ein gjennomført tone vekslar ho mellom glede, humor, desperasjon, ømheit, råskap og indignasjon. Nordenhof gir stemme til dei i samfunnet som vanlegvis ikkje blir høyrde, og synleggjer maktstrukturar og handlingar i eit samfunn det er risikabelt å hamne utanfor.

Denne samlinga viser eit levd liv i komprimert form, som taler klart og insisterande til oss alle. Boka er gjendikta av Anna Kleiva.

DIKT 2014

Samfunnet på kanten av samanbrot

Dikt 2014 handlar mellom anna om korleis det kjennest å vere i live i starten av eit tusenår, på kanten av samanbrot og subjektivitet. I eit direkte biletspråk og med ein fandenivaldsk tone uttrykkjer dikta avmakt, resignasjon, krisekjensle og katastrofemedvit. Men det svartsynte eg i diktet møter fortvilinga både usentimentalt og med stor humor. Dikt 2014 kastar lesaren hovudstups inn i apokalypsen, og vil garantert både skremme, fascinere og underhalde.

Boka er gjendikta av Erlend O. Nødtvedt og Britt Kristin Ese.

I sivil

I sivil er ei forteljing om å vekse saman i kjærleik og frå kvarandre i sjukdom. Amalie Smith rører seg langs den tematiske aksen samling-oppløysing når ho gjennom dikt, kortprosa og eigne fotografi skriv om tap og identitet. Tekstane vender seg til ein kjærast som blir ramma av kreft, og undersøkjer fellesskapen og intimiteten som gradvis smuldrar opp. Den essayistiske tonen og dei teoretiske omgrepa speler suverent saman med meir lyriske parti. I sivil er ei vakker bok både i språk, komposisjon og layout.

Boka er gjendikta av Siw-Anita Kirketeig.

EG ET MEG SJØLV SOM LYNG

Frå jente til kvinne

Eg et meg sjølv som lyng er ei lyrisk, temperamentsfull og original samling om å rive seg laus frå rolla som ung jente, utan å vite kva ein elles kan vere. Olga Ravn skriv i denne debutboka om lengten etter å vere bortanfor det seksualiserte og om kroppen som skodeplass for privat og offentleg dragkamp. Verda trengjer seg på, og kroppen går sine eigne vegar. Språket i denne boka er viltveksande, prega av overskot og mot.

Boka er gjendikta av Inger Bråtveit.

Celestine

Kjem 1.mai 2017

Celestine er ein gåtefull, lyrisk og fortetta roman, der vi møter ei ung lærarinne som flyttar til bygda for å undervise på ein kostskule, samstundes som ho kjempar ein indre kamp med den kaotiske barndommen sin. Med seg har ho kjærasten Kim, men relasjonen mellom dei går det heller dårleg med. Kostskulen var tidlegare eit slott, og lærarinna blir oppslukt av historia om spøkelset Celestine, som skal ha blitt mura inne i veggene. Snart byrjar lærarinna sjølv å vandre rundt i gangane om natta, iført ein kvit kjole, heimsøkt også av spøkelsa frå si eiga fortid som skilsmissebarn.

Boka er omsett av Inger Bråtveit.