Kommande bøker av Elena Ferrante

Svikne dagar

Kjem 8.mars 2017

38-årige Olga blir forlaten av mannen sin etter 12 års ekteskap, til fordel for ei ung kvinne. Olga er ridd av sjalusi, raseri og sjølvforakt, og mistar sakte, men sikkert taket på omgivnadene sine. Ho dreg dei to ungane og den snille schæferhunden Otto med seg i fallet.

Svikne dagar er ein samtidsklassikar av ein forfattar som The New York Times har omtalt som «ein av dei store romanforfattarane i vår tid». Romanen har gripe lesarar over heile Europa med den usentimentale skildringa av moderskap, ekteskap og åleineliv.

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

Den dunkle dottera

Kjem i oktober 2017

Leda er ei middelaldrande, skild kvinne, dedikert til arbeidet sitt som engelsklærar og til dei to døtrene sine. Då døtrene flyttar til faren i Canada, kjenner Leda seg fri, som om livet hennar har blitt lysare, lettare. Ho bestemmer seg for å dra på ferie ved sjøen, til ein liten kystby i Sør-Italia. Men etter nokre få rolege og stille dagar begynner hendingane å ta ei skummel vending. Leda støyter på ein familie med ein innpåsliten veremåte som blir meir og meir urovekkjande, nokre gonger direkte truande. Leda blir overvelda av minna om dei vanskelege og ukonvensjonelle vala ho gjorde som ung mor, og konsekvensane desse vala fekk for henne og familien. Den tilsynelatande enkle historia om ei kvinne som gler seg over å gjenoppdage seg sjølv, blir snart ei historie om ein frykteleg konfrontasjon med ei uoppgjord fortid.

I denne romanen utforskar Elena Ferrante dei motstridande kjenslene som knyter oss til barna våre.

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

Kvelande kjærleik

Kjem i mars 2018

Delias mor blir funnen død, flytande i sjøen. Driven av ei rekkje anonyme telefonoppringingar rekonstruerer Delia moras siste dagar, og innser etter kvart som ho oppdagar nye samanhengar, at mora slett ikkje var den personen Delia har trudd. For å nå fram til sanninga, må Delia vende tilbake til røtene sine, til barndommens Napoli.

Kvelande kjærleik er Elena Ferrantes debutroman.

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.