Barnas store eventyrbok

Barnas store eventyrbok

I Barnas store eventyrbok finn du åtte av våre mest kjente og skatta eventyr. Det er forfattaren Maria Parr som har omsett og modernisert språket i eventyra slik at dei passar for unge lesarar i dag. Eventyra er illustrert med dei klassiske og kjente illustrasjonane til Svend Otto S., akkurat dei same illustrasjonane som dagens foreldregenerasjon kan hugse igjen frå åttitalets Bokklubbutgåve av eventyrskatten.

Bli med inn i ei eventyrleg verd!