Norsk ordbok. Bd. 01

Alf Hellevik |
Innbunden | ISBN: 9788252112016

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price850 kr
Norsk Ordbok er det mest omfattande ordboksverket over det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket. Verket gir ei uttømmande vitskapleg framstilling av ordtilfanget i norske dialektar og i nynorsk skriftspråk, slik det er brukt i sakprosa og skjønnlitteratur.

For kvart oppslagsord finn ein tydingar av ordet, grammatiske og etymologiske opplysningar om det, og det blir gitt bruksdøme frå litteratur og målføre med kjeldetilvising og heimfesting. Norsk Ordbok kjem ut i til saman 12 band, og verket vil liggje føre komplett til grunnlovsjubileet i 2014.

Norsk Ordbok blir utarbeidd av Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo. Prosjektet er finansiert av Universitetet i Oslo og av Kultur- og kyrkjedepartementet. Universitetet i Bergen har i samarbeid med Høgskulen i Volda teke ansvar for å gjere ferdig den digitale utgåva av Norsk Ordbok og revidere alfabetstrekket a–h.

Søk i ordboka (i-åværig) på nettet!

Alf Hellevik

Du likar kanskje desse

Sist sett på