Norsk litterær årbok 2006

Jørgen Magnus Sejersted |
Hefta | ISBN: 9788252167962

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Godt lesestoff og fagleg påfyll for litteraturinteresserte, studentar, lærarar og bibliotekarar. NLÅ 2006 inneheld oversyn over bokåret 2005, og kommenterer dei viktigaste debattane i året som gjekk. Bli abonnent på NLÅ og hald deg oppdatert om norsk litteratur og litteraturforsking! For å bestille abonnement på NLÅ, send e-post til ordre@samlaget.no

Teiknar du abonnement på NLÅ får du årboka tilsendt fraktfritt ein gong i året. Det er óg mogleg å tinge tidlegare utgåver.

Norsk Litterær Årbok har gjennom 40 år formidla det beste av norsk litteraturforsking til eit breitt publikum. NLÅ oppsummerer kvart år tendensar på det litterære feltet, presenterer siste nytt frå forskingsfronten og gir deg ein fyldig bibliografi over norsk litteraturforsking.

Norsk Litterær Årbok 2006 inneheld mellom anna • oversyn over roman- og lyrikkåret 2005

• presentasjon av Göran Sonnevis Oceanen, vinnar av Nordisk Råds litteraturpris 2005

• artiklar om Tarjei Vesaas, Arne Garborg, Bjørnstjerne Bjørnson og Inghill Johansen

• presentasjon av fagfeltet litterær onomastikk – namneforsking i litteraturen

• artiklar om poetokratiet i Norge på slutten av 1800-tallet og vitalismen i nynorske Shakespeare-tolkingar

Godt lesestoff og fagleg påfyll for litteraturinteresserte, studentar, lærarar og bibliotekarar.

Redaktørar:

Jørgen Magnus Sejersted er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen.

Eirik Vassenden er postdoc-stipendiat i litteraturvitskap ved Institutt for lingvistikk og litteraturvitenskap, Universitetet i Bergen.

Norsk Litterær Årbok • Presenterer artiklar om eldre og nyare norsk litteratur

• Oppsummerer sentrale debattar og presenterer sentrale roman- og poesiutgivingar

• Inneheld Bibligrafi over norsk litteraturforsking, eit unikt hjelpemiddel for den som vil orientere seg om det som blir skrive om norsk litteratur

Jørgen M. Sejersted

Du likar kanskje desse

Sist sett på