Dette kjøpet er regulert av standard salsvilkår for forbrukarkjøp av varer over internett. Forbrukarkjøp tyder i denne samanhengen sal av vare til forbrukar som ikkje i hovudsak handlar som ledd i næringsverksemd, og når seljaren opptrer i næringsverksemd med sal av varer over internett. Kontrakten er utarbeida og anbefalt brukt av Forbrukarombodet. Forbrukarkjøp over Internett blir hovudsakeleg regulert av avtalelova, forbrukarkjøpslova, marknadsføringslova, angrerettslova og ehandelslova, og desse lovane gir forbrukar ufråvikelege rettar. Vilkåra i kontrakta skal ikkje bli forstått som nokon begrensing i dei lovbestemde rettane, men oppstiller dei viktigaste rettane og pliktane for partane i handelen.

Sjå meir hos forbrukartilsynet her: Forbrukertilsynet.no

 

1) Avtalen

Avtalen mellom kjøparen og seljaren omfattar informasjonen seljaren gir om kjøpet gjennom bestillingsprosessen i nettbutikken (blant anna opplysningar om vara si art, mengd, andre eigenskapar, pris og vilkår for levering), samt eventuell direkte kommunikasjon mellom partane (som til dømes e-post) og desse salsvilkåra. Ved motstrid mellom informasjonen seljaren har gitt om kjøpet i bestillingsprosessen i nettbutikken, direkte kommunikasjon mellom partane og vilkåra i salsvilkåra, vil direkte kommunikasjon mellom partane og informasjonen gitt i bestillingsprosessen gå føre salsvilkåra, så framt det ikkje strir mot bindande lovgiving.

2) Partane

Seljar:
Firmanavn: STIFTINGA DET NORSKE SAMLAGET
Kontaktadresse: Pb. 4672 Sofienberg, 0506 Oslo
Besøksadresse: Mariboes gate 13, 0184 Oslo
E-post: ordre@samlaget.no
Organisasjonsnummer: 935 305 314

Kjøpar er den personen som utfører bestillinga.

3) Prisar

Prisen som er oppgitt for varer og tenester er den totale prisen kjøparen skal betale. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnader. Eventuelle ekstra kostnader som seljaren ikkje har informert om før kjøpet, skal ikkje påleggjast kjøparen. Samstundes tek Samlaget atterhald om prisfeil i nettbutikken.

4) Fraktvilkår

Samlaget tilbyr fraktfri levering på alle ordrar over kr 500,-. På ordrar under kr 500,- kjem eit tillegg for frakt.

5) Avtaleinngåing

Avtalen blir bindande for begge partar når kjøparen har sendt bestillinga si til seljaren. Avtalen vil likevel ikkje vere bindande viss det har oppstått skrive- eller tastefeil i tilbodet frå seljaren i bestillingsløysinga på nettbutikken eller i kjøparen si bestilling, og den andre parten innsåg eller burde ha innsett at det dreidde seg om ein slik feil.

Stadfesting av ordren: Når seljaren har motteke bestillinga frå kjøparen, skal seljaren utan ugrunna opphald stadfeste ordren ved å sende ei stadfesting av ordren til kjøparen. Det blir anbefalt at kjøparen kontrollerer at denne stadfestinga stemmer overeins med bestillinga, med omsyn til tal, varetype, pris osb. Viss det ikkje er samsvar mellom bestillinga og stadfestinga, bør kjøparen ta kontakt med seljaren så snart som mogleg på ordre@samlaget.no.

6) Betaling

Seljaren kan krevje betaling for vara frå det tidspunktet ho blir send frå seljaren til kjøparen.

Viss kjøparen nyttar kredittkort eller debetkort ved betaling, kan seljaren reservere kjøpesummen på kortet ved bestilling. Kortet blir belasta same dag som vara blir send. Ved betaling med faktura, blir fakturaen send til kjøparen via Klarna. Betalingsfristen kjem fram av fakturaen og er på minimum 14 dagar frå mottak.

Kjøparar under 18 år kan ikkje betale med etterfølgande faktura.

7) Levering

Levering har skjedd når kjøparen, eller kjøparen sin representant, har overtatt vara.

Viss ikkje leveringstidspunkt kjem fram av bestillingsløysinga, skal seljaren levere vara til kjøpar utan unødig opphald og seinast 30 dagar etter bestillinga frå kunden. Vara skal bli levert hos kjøparen med mindre anna er særskild avtalt mellom partane.

8) Risikoen for vara

Risikoen for vara går over på kjøpar når kjøpar, eller kjøpar sin representant, har fått varene levert i tråd med punkt 6.

9) Angrerett

Med mindre avtalen er unnteken frå angrerett, kan kjøparen angre kjøpet av varen i samsvar med angrerettslova.

Kjøparen må gi seljaren melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen byrjar å løpe. I fristen blir alle kalenderdagar rekna med.

Viss fristen endar på ein laurdag, heilagdag eller høgtidsdag, blir den forlenga til næraste verkedag. Angrefristen blir rekna som overhalden viss meldinga er send før fristen går ut. Kjøparen har bevisbyrda for at angreretten er gjort gjeldande, og meldinga bør difor skje skriftleg (angrerettskjema, e-post eller brev). Angrefristen startar å løpe:

  • Ved kjøp av einskildståande varer vil angrefristen gå frå dagen etter vara/varene er mottatt.
  • Ved kjøp av abonnement, eller ved avtale om regelmessig levering av identiske varer, går fristen frå dagen etter første sending er mottatt.
  • Består kjøpet av fleire leveransar, vil angrefristen gå frå dagen etter siste leveranse er mottatt.

Angrefristen blir utvida til 12 månader etter utløpet av den opphavlege fristen dersom seljar ikkje dersom seljaren ikkje har opplyst om angrerett og standardisert angreskjema før avtaleinngåing. Det same gjeld manglande opplysningar om vilkår, fristar og framgangsmåte for å nytte angreretten. Dersom seljaren gir desse opplysningane i løpet av desse 12 månadene, går angrefristen likevel ut 14 dagar etter at kjøparen har fått opplysningane.

Ved bruk av angreretten må vara bli levert tilbake til seljaren utan unødig opphald og seinast 14 dagar frå melding om bruk av angreretten er gitt. Kjøparen dekker dei direkte kostnadene ved retur av varen, med mindre anna er avtalt eller seljaren har unnlate å opplyse om at kjøparen skal dekkja returkostnadene. Seljaren kan ikkje påleggja kjøparen gebyr for bruk av angreretten.

Kjøparen kan prøve eller teste vara på ein forsvarleg måte for å fastslå arten, eigenskapane og funksjonen til vara utan at angreretten fell bort. Viss prøving eller testing av vara går ut over det som er forsvarleg og nødvendig, kan kjøparen bli ansvarleg for eventuell redusert verdi på vara.

Seljaren er forplikta til å tilbakebetale kjøpesummen til kjøparen utan unødig opphald, og seinast 14 dagar frå seljaren fekk melding om at kjøparen vil nytte angreretten. Seljaren har rett til å halda tilbake betalinga til seljaren har mottatt vara frå kjøparen, eller til kjøpar har lagt fram dokumentasjon på at vara er send tilbake. Har du spørsmål rundt angrerett kan du kontakte oss på ordre@samlaget.no.

10) Forseinking og manglande levering – rettane og fristen for kjøparen for å melde krav

Dersom seljaren ikkje leverer vara, eller leverer ho for seint i samsvar med avtalen mellom partane, og det ikkje er kjøparen eller forhold på kjøparen si side som er skuld i dette, kan kjøparen i tråd med reglane i kapittelet i forbrukarkjøpslova § 5 etter omstenda halde kjøpesummen tilbake, krevje oppfylling, heve avtalen og/eller krevje erstatning frå seljaren. Ved krav om mishaldsverknad bør meldinga av bevismessige omsyn vera skriftleg (til dømes e-post).

Oppfylling

Kjøparen kan halde fast på kjøpet og krevje oppfylling frå seljar. Kjøparen kan likevel ikkje krevje oppfylling dersom det gjeld ei hindring som seljaren ikkje kan overvinne, eller dersom oppfylling vil medføre ei så stor ulempe eller kostnad for seljar at det står i vesentleg misforhold til den interessa kjøparen har i at seljaren oppfyller. Skulle vanskane falle bort innan rimeleg tid, kan kjøpar likevel krevje oppfylling.

Kjøparen taper retten sin til å krevje oppfylling om denne ventar urimeleg lenge med å fremme kravet.

Heving

Dersom seljaren ikkje leverer vara på avtalt tidspunkt, skal kjøparen oppmode seljar til å levere innan ein rimeleg tilleggsfrist. Dersom seljar ikkje leverer vara innan tilleggsfristen, kan kjøparen heve kjøpet.

Kjøpar kan likevel heve kjøpet umiddelbart viss seljar nektar å levere vara. Tilsvarande gjeld dersom levering til avtalt tid var avgjerande for inngåinga av avtalen, eller dersom kjøparen har underretta seljar om at leveringstidspunktet er avgjerande.

Blir vara levert etter tilleggsfristen forbrukaren har sett eller etter leveringstidspunktet som var avgjerande for inngåinga av avtalen, må krav om heving bli gjort gjeldande innan rimeleg tid etter at kjøparen fekk vite om leveringa.

Erstatning

Kjøparen kan krevje erstatning for lidt tap som oppstår som følgje av forseinkinga. Dette gjeld likevel ikkje dersom seljaren kan dokumentere at forseinkinga skuldast ei hindring utanfor seljaren si kontroll som ikkje kunne ha blitt tatt i betraktning på avtaletidspunktet, unngått eller overvunne.

11) Mangel ved var– rettar og reklamasjonsfrist for kjøparen

Viss vara har ein mangel må kjøpar innan rimeleg tid etter at den blei oppdaga eller burde ha blitt oppdaga, gi seljar melding om at han eller ho vil påkalla seg mangelen. Kjøpar har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 mnd. frå mangelen blei oppdaga eller burde blitt oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at kjøpar overtok vara. Dersom vara eller delar av ho er meint å vare vesentleg lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år. Dersom vara har ein mangel og dette ikkje skuldast kjøparen eller forhold på kjøpar si side, kan kjøparen i tråd med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 6 etter omstenda halde kjøpesummen tilbake, velje mellom retting og omlevering, krevje prisavslag, krevje avtalen heva og/eller krevje erstatning frå seljaren. Reklamasjon til seljaren bør skje skriftleg.

Retting eller omlevering

Kjøparen kan velje mellom å krevje mangelen retta eller levering av tilsvarande vare. Seljaren kan likevel motsetje seg kravet til kjøparen dersom gjennomføringa av kravet er umogleg eller valdar seljaren urimelege kostnader. Retting eller omlevering skal bli gjort innan rimeleg tid. Seljaren har i utgangspunktet ikkje rett til å gjere meir enn to forsøk på å rette på same mangel.

Prisavslag

Kjøpar kan krevje eit passande prisavslag dersom vara ikkje blir retta eller omlevert. Dette inneber at forholdet mellom nedsett og avtalt pris svarer til forholdet mellom verdien av vara i mangelfull og kontraktsmessig stand. Dersom særlege grunnar taler for det, kan prisavslaget i staden setjast lik mangelen si tyding for kjøparen.

Heving

Dersom vara ikkje er retta eller omlevert, kan kjøparen òg heva kjøpet når mangelen ikkje er uvesentleg.

12) Rettane til seljaren ved kjøparens mishald

Dersom kjøparen ikkje betaler eller oppfyller resten av pliktene etter avtalen eller lova, og verken seljaren eller forhold på seljaren si side er skuld i dette, kan seljaren i tråd med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 9 etter omstenda halde vara tilbake, krevje oppfylling av avtalen, krevje avtalen heva samt krevje erstatning frå kjøparen. Seljaren vil òg etter omstenda kunna krevje renter ved forseinka betaling, inkassogebyr og eit rimeleg gebyr for varer som ikkje blir henta.

Oppfylling

  • Seljaren kan halde fast på kjøpet og krevje at kjøparen betaler kjøpesummen. Er vara ikkje levert, taper seljaren denne retten viss han ventar urimeleg lenge med å fremme kravet.

Heving

  • Seljaren kan heve avtalen dersom det gjeld vesentleg betalingsmishald eller anna vesentleg mishald frå kjøparen si side. Seljaren kan likevel ikkje heve dersom heile kjøpesummen er betalt. Viss seljaren set ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling og kjøparen ikkje betaler innan denne fristen, kan seljar heve kjøpet.

Renter ved forsinka betaling/inkassogebyr

  • Dersom kjøparen ikkje betaler kjøpesummen i tråd med avtalen, kan seljaren krevje renter av kjøpesummen etter forseinkingsrentelova. Ved manglande betaling kan kravet, etter føregåande varsel, bli sendt til kjøparen. Kjøparen kan da bli halden ansvarleg for gebyr etter inkassolova.

Gebyr ved uavhenta ikkje-forskuddsbetalte varer

  • Dersom kjøparen ikkje hentar ubetalte varer, kan seljaren belaste kjøparen med eit gebyr. Gebyret skal maksimalt dekke dei faktiske utlegga til seljaren for å levere vara til kjøparen. Kjøparar under 18 år kan ikkje bli pålagde eit slikt gebyr.

13) Garanti

Garanti som blir gitt av seljaren eller produsenten, gir kjøparen rettar i tillegg til dei rettane kjøparen allereie har etter ufråvikeleg lovgiving. Ein garanti inneber dermed ingen avgrensingar i retten kjøparen har til reklamasjon og krav ved forseinking eller manglar etter punkt 9 og 10.

14) Personopplysningar

Behandlingsansvarleg for innsamla personopplysningar er seljaren. Med mindre kjøparen samtykker til noko anna, kan seljaren, i tråd med personopplysningslova, berre innhente og lagre dei personopplysningane som er nødvendig for at seljaren skal kunna gjennomføre forpliktingane etter avtalen. Personopplysningane til kjøparen vil berre bli utleverte til andre viss det er nødvendig for at seljaren skal få gjennomført avtalen med kjøparen, eller i lovfesta tilfelle.

Dersom du har spørsmål om personopplysningar knytt til deg, eller ønsker å gjere bruk av rettane dine til retting eller sletting etter personopplysningslova, kan du sende ein e-post til ordre@samlaget.no.

15) Konfliktløysing

Klager blir retta til seljaren innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal freiste å løyse eventuelle tvistar med godvilje. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukarrådet for mekling. Forbrukarrådet er tilgjengeleg på telefon 23  400 500  eller www.forbrukerradet.no.